Kurs og arrangement
Publisert 29. oktober 20
Av: Annicken Vargel

BAF-omvisning: Joar Nango

BAF inviterer til omvisning i festspillutstillinga 2020 med Joar Nango, i Bergen kunsthall.

Publisert 29.10.2020
Av: Annicken Vargel
Joar Nango, festspillutstillinga 2020 Foto: BAF
Foto fra festspillutstillinga 2020 av Joar Nango

Stad: Bergen kunsthall
Tid: Lørdag 31. oktober klokka 13:00
Påmelding: Via e-post

Årets festspillutstilling er ei tankevekkande og sanseleg oppleving. Den samisk-norsk kunstnaren Joar Nango er opprinneleg utdanna arkitekt. Utstillingane hans fungerer som laboratorium, der natur, materialar, kulturuttrykk og møte med menneske blir vist fram, undersøkt og tolka. Utstillinga får ein til å sitta igjen med ei kjensle av å ha vorte litt klokare: Ikkje fordi ein veit så mykje meir, men fordi ein får eit innblikk i kor lite ein veit. 

Ikkje møt opp dersom du føler deg uvel eller har luftvegssymptomar. Det er krav om at alle som er med på omvisninga held 1 meter avstand. I tillegg ber BAF medlemmane sine om å vera ekstra aktsame, og ber alle om å bruka munnbind under omvisninga.