Folk
Publisert 23. mars 22
Av: Børge Sildnes

Frå Warszawa til Moelv

Da Agata Suchecka blei leiar i Hedmark og Oppland arkitektforening kort tid før pandemien byrja, hadde ho mange planar for få meir aktivitet i lokallaget. No håper ho å endeleg få gjennomført fleire av dei.

Publisert 23.03.2022
Av: Børge Sildnes
Bilde av Agata Suchecka, Hedmark og Oppland arkitektforening
Agata Suchecka, leiar i Hedmark og Oppland arkitektforening

Det er inspirerande å høyre om lokallag i NAL som samarbeider tett med andre lokale lag, som til dømes NLA.

Agata Suchecka, leiar i Hedmark og Oppland arkitektforening

- Vi må engasjere medlemmane litt. Tilby dei meir. Koronasituasjonen gjorde at vi blei verande litt i dvale. Den må vi komme oss ut av no, seier Agata.

Blod på tann
- Vi har digitale løysningar på plass, med blant anna Teams. Det har vore ei utfordring at folk sit spreidd – i Lillehammer, Hamar, Stange eller Elverum. Det har vore vanskeleg å finne gode møteplassar. Mange er opptekne med å drive eige kontor, og dei har små barn og andre forpliktingar. Vi har fått mykje større fleksibilitet no, så da er det opp til oss i foreininga å komme med jamlege arrangement som engasjerer.

Før jul fekk lokallaget blod på tann, da dei saman med Valdresmusea inviterte til fagdag om stadsutvikling og arkitektur. Temaet var Moderne og berekraftig levesett på bygda – korleis skal vi bygge og bu i Valdres framtida?

- Der hadde vi mange gode diskusjonar. Vi var mellom anna samde om at kommunane må engasjere fleire arkitektar. Dette ønsker vi i lokallaget å formidle til politikarane.

Drog frå kommunisme
Agata si mor var arkitekt. I 1969 forlèt ho eit kommunistisk Polen og tok med døtrene frå Warszawa til Oslo. Mora jobba først der som arkitekt, seinare i Gjøvik og i Stavanger.

- Eg hadde alltid likt å teikne, men det var først og fremst mi søster som hadde draumar om å bli arkitekt. Sjølv valde eg å bli programmerar, men kjeda meg fort. Da søkte eg meg til Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo, kom inn på første forsøk, og blei ferdig der i 1994.

Etter kvart hamna arkitekten Agata i Moelv i Hedmark. Der bur ho med sin veterinærmann Piotr, som ho trefte i Polen da ho hadde eit friår frå arkitektskolen i Oslo. Sidan 2014 har ho drive for seg sjølv, og jobbar stort sett med einebustader, tilbygg og påbygg.

- Eg samarbeider med to byggefirma, og dei er gode på å finne oppdrag. Dei aller fleste er rundt omkring i landet, gjerne i Trondheim, Bergen eller Drammen.

Opnar for meir samarbeid
Agata si plan er å halde fram med arbeidet sitt for Hedmark og Oppland arkitektforening i neste styreperiode.

- Vi har mykje å ta tak i. Det er inspirerande å høyre om lokallag i NAL som samarbeider tett med andre lokale lag, som til dømes NLA. Får vi til det, kan vi kanskje stå sterkare saman og gjere lokallaget enda meir attraktivt.