Engasjerte medlemmer: Guro Kalstveit
Guro Kalstveit studerer ved AHO og har engasjert seg i NAL student for å lære mer. – Det er ein fin arena å utvikla seg og få erfaring både om ledelse og få ny faglig innputt, sier hun.
Hvorfor har du valgt å engasjere deg i NAL?
– Eg ville bli ein del av NAL studentstyre fordi eg ønska å utfordre meg sjølv. Då eg starta på AHO hadde eg eit ynskje om å engasjere meg ved sidan av studie. Ettersom eg er interessert i samfunnsdiskusjonar, synast eg NAL var ein fin moglegheit til å lære meir. Ytterligare synast eg det er ein god arena for å få fram kva me studentar er opptatt av.
Hva får du faglig ut av arbeidet som studentleder?
– Det er gøy å være ein del av studentstyret til NAL. Eg har blitt kjend med engasjerte medstudentar på tvers av trinn og skular med ulike interesser. Det er ein fin arena å utvikla seg og få erfaring både om ledelse og få ny faglig innputt. Eg får sett ulike sider av arkitektfaget og bransjen som finnes utanfor skulen.
Litt om deg selv: hva interesserer deg spesielt som arkitektstudent, og har du eventuelt noen hobbyer/interesser du vil dele litt om?
– Eg er jo fortsatt tidlig i studiet, og blir stadig introdusert for nye emner som vekkjer interesse. Men noko som peikar seg litt ekstra ut for meg må være folkearkitektur. Denne påverknaden kjem kanskje frå oppveksten min på ein gard på vestlandet. Ein kan ofte finne god utnytting av ressursar og at ein har spelt på lag med naturen. Dette trur eg har mykje å lære oss no som det skjer endringar i bransjen i møte med klima.
– Når det kjem til hobbyar, så eg glad i bruke fritida mi på dans. Dans er gøy og sosialt, samtidig som ein er i bevegelse og lærer noko nytt. Med mykje stillesitting på skulen, er det godt å komme seg ut å bevege seg. Oslo har mange fine plasser å danse.